Hopp til hovedinnhold

Teknologi- og industrifag

Ein elev frå vg1 teknologi- og industrifag bruker ei to-hands vinkelslipar på ein samansveis elev øving. Eleven er utstyrt med fult verneutstyr under arbeidet.

Teknologi- og industrifag er ei yrkesfagleg utdanning. Her kan du mellom anna lære meir om maskinar, produksjonsprosessar, automatisering og programmering av robotar. Etter 2 år i skule kan du søkje om læreplass for å ta fagbrev. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Vi tilbyr

Laksevåg og Bergen maritime videregående skule har ein god tradisjon innan mekaniske fag. Vi har ein lærarstab med lang erfaring og brei kompetanse innan tekniske fag og  industrifag.

Vi kan også tilby eit godt sosialt miljø, og vi gjer det vi kan for at du som elev skal trivast hos oss.

På verkstadane våre får elevane utfalde seg praktisk. Vi har ei rekkje maskiner og utstyr som gjev eit inntrykk av det som blir brukt i industrien i dag.

På Vg2 tilbyr vi:

  • Kjemiprosess- og laboratoriefag
  • Brønnteknikk
  • Maritime fag

Vg1 Teknologi- og industrifag

 

I løpet av skuleåret lærer du blant anna å meistre teknisk teikning, fres, dreiebenk, hydraulikk, pneumatikk, montasje, sveising og HMS/dokumentasjon.

Gjennom opplæringa skal du kunne utvikle praktiske ferdigheiter, fagleg innsikt, refleksjon og evna til kritisk vurdering.

Elevar på Vg1 kan i yrkesfagleg fordjuping velje:

  • Brønnteknikk
  • Kjemiposess- og laboratoriefag
  • Maskinfag (motormann)
  • Matrosfag

 

 

Kjemiprosess- og laboratoriefag vg 2

På vg2 kjemiprosess- og laboratoriefag får du den praktiske og teoretiske opplæringa som du treng for å lære å styre eit kjemisk eller metallurgisk prosessanlegg. Du skal lære om korleis prosessapparata og anna utstyr er bygd opp og korleis dei verkar.

Anlegga blir stort sett styrt automatisk, og du må vite korleis dette blir gjort. Slike styrekretsar inneheld målarar og regulatorar, som du må kjenne til.

I anlegget blir det mellom anna brukt trykk, elektrisitet og varme. Du lærer også om kjemiske reaksjonar og fysiske forhold i prosessen.

Etter vg2 kjemiprosess- og laboratoriefag og 2 år som lærling i bedrift får du fagbrev som fagoperatør i kjemisk prosessindustri og fagoperatør i metallurgiske prosessfag.

Med fagbrev kan du få arbeid innan kjemisk og petrokjemisk industri, kjemisk mineralindustri, metallurgisk industri, farmasøytisk industri og produksjon av olje og gass offshore.

Hos oss har dei fleste av prosesselevane, som ønskjer det, fått læreplass sidan oppstarten av lina i 2000. Bedrifter som får flest lærlingar frå oss er Equinor, Elkem og Hydro.

 

Vg2 Maritim fag 

Skulen tilbyr eit eittårig utdanningsprogram, Vg2 maritime fag. Programområdet er delt i ein fellesdel og ein fordjupingsdel for matros og motormann. Utdanninga blir etterfølgd av ein læreplassperiode i bedrift om bord på skip, og fører fram til fagbrev for Matros og/eller Motormann. 

Utdanninga skal bidra til å utvikle dyktige medarbeidarar med høg kompetanse innan drift av skip. Moglegheitene er mange, blant anna innan offshore og supply, fraktefartøy innanriks og utanriks, samt cruiseskip.  

Noreg og det internasjonale markedet er avhengige av driftssikre velfungerande fartøy med avansert teknologi og automatiserte prosessar. Programområdet for maritime fag skal leggje grunnlaget for yrkesutøving om bord på skip og flytande installasjonar. 

Faga krev auka bevisstheit innan HMS, både om bord og i land. Erfaring og kunnskap innan faget gjer deg verdifull og ettertrakta i arbeidsmarknaden. 

Merk deg at du må skaffe helseattest for å mønstre på skip. Det er mellom anna nødvendig å ha godt syn og godt fargesyn.

Vg2 Brønnteknikk 

Ei utdanning innan brønnteknikk gir deg mange moglegheiter til ein spennande og utfordrande jobb- både offshore og på land. 

Brønnteknikk er utgangspunktet for aktivitetar i olje- og gassverksemda. Dette er ein av dei viktigaste arenaane i Noreg for teknologiutvikling. Det er også ei av våre største eksportnæringar. 

Etter eksamen kan du søke lærlingplass og sidan få fagbrev.