Kjemiprosess- og laboratoriefag vg 2
På vg2 kjemiprosess- og laboratoriefag får du den praktiske og teoretiske opplæringa som du treng for å lære å styre eit kjemisk eller metallurgisk prosessanlegg. Du skal lære om korleis prosessapparata og anna utstyr er bygd opp og korleis dei verkar.
Anlegga blir stort sett styrt automatisk, og du må vite korleis dette blir gjort. Slike styrekretsar inneheld målarar og regulatorar, som du må kjenne til.
I anlegget blir det mellom anna brukt trykk, elektrisitet og varme. Du lærer også om kjemiske reaksjonar og fysiske forhold i prosessen.
Etter vg2 kjemiprosess- og laboratoriefag og 2 år som lærling i bedrift får du fagbrev som fagoperatør i kjemisk prosessindustri og fagoperatør i metallurgiske prosessfag.
Med fagbrev kan du få arbeid innan kjemisk og petrokjemisk industri, kjemisk mineralindustri, metallurgisk industri, farmasøytisk industri og produksjon av olje og gass offshore.
Hos oss har dei fleste av prosesselevane, som ønskjer det, fått læreplass sidan oppstarten av lina i 2000. Bedrifter som får flest lærlingar frå oss er Equinor, Elkem og Hydro.
Vg2 Maritim fag
Skulen tilbyr eit eittårig utdanningsprogram, Vg2 maritime fag. Programområdet er delt i ein fellesdel og ein fordjupingsdel for matros og motormann. Utdanninga blir etterfølgd av ein læreplassperiode i bedrift om bord på skip, og fører fram til fagbrev for Matros og/eller Motormann.
Utdanninga skal bidra til å utvikle dyktige medarbeidarar med høg kompetanse innan drift av skip. Moglegheitene er mange, blant anna innan offshore og supply, fraktefartøy innanriks og utanriks, samt cruiseskip.
Noreg og det internasjonale markedet er avhengige av driftssikre velfungerande fartøy med avansert teknologi og automatiserte prosessar. Programområdet for maritime fag skal leggje grunnlaget for yrkesutøving om bord på skip og flytande installasjonar.
Faga krev auka bevisstheit innan HMS, både om bord og i land. Erfaring og kunnskap innan faget gjer deg verdifull og ettertrakta i arbeidsmarknaden.
Merk deg at du må skaffe helseattest for å mønstre på skip. Det er mellom anna nødvendig å ha godt syn og godt fargesyn.
Vg2 Brønnteknikk
Ei utdanning innan brønnteknikk gir deg mange moglegheiter til ein spennande og utfordrande jobb- både offshore og på land.
Brønnteknikk er utgangspunktet for aktivitetar i olje- og gassverksemda. Dette er ein av dei viktigaste arenaane i Noreg for teknologiutvikling. Det er også ei av våre største eksportnæringar.
Etter eksamen kan du søke lærlingplass og sidan få fagbrev.
Vg2 Industriteknologi
På VG2 Industriteknologi får du den praktiske og teoretiske opplæringa du treng for å arbeide med ulike industrielle produksjonsprosessar, drift og vedlikehold av anlegg og dessutan produksjon og tenester knytt til industri. Du skal lære om korleis maskiner og utstyr er bygd opp og korleis dei fungerer.
I anlegga blir det blant anna brukt trykk, elektrisitet og varme. Du lærer også om mekaniske prosessar og materialteknologi.
Etter VG2 Industriteknologi og 2 år som lærling i bedrift kan du ta fagbrev som blant anna industrimekanikar, platearbeidar, motormekanikar og sveisar.
Med fagbrev kan du få arbeid innan mekanisk industri, produksjonsindustri, olje- og gassindustri, og andre teknologibaserte industriar.
Hos oss er det moglegheit for arbeidspraksis i ei rekkje ulike fag og me har eit godt samarbeid med næringslivet.
Opplæring på Vg2 Industriteknologi føregår på Laksevåg.