Hopp til hovedinnhold

Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta er eit tilbod du kan oppsøke ved behov. Det er ei gratis, lett tilgjengeleg drop-in teneste på skulen. Helsesjukepleiar tilbyr mellom anna samtalar, rettleiing, vaksinering, prevensjon, oppfølging og eventuelt tilvising vidare. Me har teieplikt, men kan samarbeide med heim, skule eller andre hjelpeinstansar der det er ønska eller trengs. Avtale hjå helsesjukepleiar blir rekna som gyldig fråver når det er dokumentert. 
Ein kan til dømes få råd og rettleiing om: 
-    Tankar og bekymringar
-    Kropp og helse
-    Søvnvanskar, kosthald, aktivitet
-    Seksualitet, kjønn, identitet
-    Prevensjonsrettleiing og evt- resept på hormonell prevensjon
-    Seksuelt overførbare infeksjonar
-    Alkohol, tobakk eller andre rusmidler
-    Vener eller familie
-    Anabole steroider
-    Vald eller overgrep
-    Andre helsespørsmål

Send ein SMS til mobil eller kom innom. 

Helsesjukepleiar

Karoline Birkeland 
Tlf: 409 22 828
Tilstede: Torsdag, sentrum

Mari Lie
Tlf: 408 15 616
Tilstede: Torsdag og fredag. 
På Avd. Laksevåg torsdag, sentrum fredag

Nyttige lenker:
Bergen kommune - Helsestasjon for ungdom, et gratis dropin-tilbud
https://www.ung.no/ 
Alarmtelefonen for barn og unge (116111.no)
Vaksiner til barn - FHI
https://helsenorge.no/vaksiner/mine-vaksiner